MØRKEROMMET

Eit analogt fotokollektiv i Bergen.

HVEM ER VI?



OM OSS


Mørkerommet (etabl. 2016) er eit fotokollektiv og ein studentorganisasjon som praktiserer analog fotografering og svart-kvitt framkalling i mørkerom. Vi består av unge fotografar mellom 20 og 30 år. Vi framkaller og held til på loftet på Sydneshaugen skule ved Universitetet i Bergen.

Mørkerommet sine fotografier er å finna i norske studentmagasiner som Bøygen, Prosopopeia, og Replikk. I tillegg tek vi bilete på arrangementer og slippfester, og har eit eige samarbeid med Prøverommet. Organisasjonen drives som ein studentorganisasjon med støtte frå Kulturstyret (Velferdstinget).


FORMÅL


Mørkerommet skal fungera som plattform der unge fotografar kan få sine fotografier på trykk eller stilt ut. I tillegg skal Mørkerommet vere eit opent tilbod for studentar som ønsker å læra seg analog fotografering og framkalling i mørkerom. Organisasjonen skal fremje unge amatørfotografer si kunstneriske og tekniske utvikling, samt levera fotokunst av høg kvalitet til fortrinnsvis norske tidsskrift. Vi arrangerer ei rekke sosiale og faglege arrangement som alle våre medlemmer er hjartelege velkomne til å delta på.